Ingen fred uten kvinner. v/Kari Nes fra International kvinneliga for Fred og Frihet
In
ternasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom (IKFF), Women’s International League for Peace and Freedom (WILPF), er ein freds- og menneskerettsorganisasjon som vart skipa på eit internasjonalt kvinnemøte i Haag i 1915 med det føremålet å få stogga den fyrste verdskrigen og arbeide for ein rettferdig fred bygd på demokratiske prinsipp. Jane Addams og Emily Greene Balch gjorde ein framifrå innsats i ligaen, og båe fekk Nobels fredspris for sitt arbeid for fred. Fleire norske kvinner har hatt sentrale verv og oppgåver i Women’s International League for Peace and Freedom, til dømes Johanne Lucie Reutz Gjermoe og Marie Lous Mohr.
Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom held til i Genève i Sveits. Organisasjonen støtter arbeidet som Dei sameinte nasjonane (SN) gjer, og har konsultativ status ved det økonomiske og sosiale råd i Dei sameinte nasjonane, UNESCO, FAO og ILO.
Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom har underavdelingar i fleire land. I Noreg vart det skipa ei nasjonal gruppe i 1915, Norsk seksjon av Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet (IKFF), som har som føremål å samle norske kvinner med ulike politiske og ideologiske meiningar i arbeidet med å opplyse om og skaffe av vegen dei politiske, økonomiske og psykologiske tilhøva som kan vere årsaka til krig, og arbeide for ein konstruktiv fred i eit økologisk berekraftig samfunn. Hovudmåla er såleis å hindre krig, å få erstatta vald med ikkjevald i alle konfliktar, å få styrkt organa til Dei sameinte nasjonane (SN), å skape auka respekt for folkerettslege institusjonar, å komme fram til ein internasjonal økonomisk orden basert på kva alle folk treng, ikkje ein orden basert på profitt og privilegium.
Referent Knut Tangen
4. september 2023
Om Cyber- og informasjonssikkerhet
Inge Øystein Moen er seniorrådgiver ved CCIS (Center for Cyber and Information Security)/Institutt for informasjonssikkerhet og kommunikasjonsteknologi, NTNU.
28. august 2023
Kunstig intelligens
Siv.ing fra NTNU, Sigurd Wien, holdt et spennende foredrag om temaet KI (Kunstig Intelligens)
21. august 2023
Ringsakeroperaen v/operasjef Kari Elisabeth Bekken
Kari innledet orienteringen sin med å takke Rotary for samarbeidet, blant annet i forbindelse med flyttingen til nye lokaler i «Parketten».
19. juni 2023
Plan for jernbanetrase gjennom Ringsaker v/Sverre Normann Setvik, prosjektleder
Setvik ga oss et godt innblikk i muligheter og utfordringer knyttet til videreføring av dobbeltsporet jernbane gjennom Ringsaker.
11. juni 2023
Egoforedrag v/ Roar Wien
Vårt medlem Roar Wien holdt et interessant egoforedrag i vårt seneste klubbmøte.
5. juni 2023
Feelgood - Brumunddal
Klubbens medlemmer fikk kjørt seg med trening på Feelgood i Brumunddal.
22. mai 2023
Mjøssykehuset v/Peder Olsen
Peder Olsen ga oss et veldig godt innblikk i historien om sjukehusene i innlandet.
8. mai 2023
MATTILSYNET – v/Harald Øverby, beredskapskoordinator og Maja Sørlundsengen, ansvarlig for kommunikasjon og informasjon
Klubben fikk med dette bedriftsbesøket god kunnskap om Mattilsynets mange oppgaver.
27. mars 2023
Ukraina-flyktninger i Ringsaker
Ukraina flyktninger i Ringsaker v/ Renate Løvli og Tetiana Polishchuk