website statistics

Namneboka ved Olav Veka

Olav Veka orienterte om sin bok utgitt på Samlaget 2016 og revisjon av denne. 

Han har laget dette sammendraget av sitt innlegg:


Lov om personnamn

Bruken av faste etternamn er ein relativt ny skikk i norsk namnekultur. Noreg var mellom dei aller siste landa i Nord-Europa som fekk ei eiga lov om personnamn, i 1923, med krav om faste og arvelege slektsnamn.

 

Hovudgrupper

To av tre nordmenn ber eit gardsnamn som etternamn. Ved sida av Finland er Noreg truleg det landet i Europa som har størst tilfang av etternamn med opphav i gardsnamn. Den andre store gruppa etternamn av norsk opphav er sen-namn eller patronym. Samiske etternamn er få, men dei vanlegaste har høg frekvens. I tillegg kjem nokre grupper etternamn med utanlandsk opphav, ei gruppe etter dansk og tysk mønster med opphav i eldre innvandring, særleg yrkesnamn og innbyggjarnamn, ei gruppe med opphav i nyare innvandring frå ikkje-vestlege kulturar, særleg vietnamesisk og muslimsk, og ei gruppe av slaviske namn etter den store arbeidsinnvandringa dei siste tiåra frå Aust-Europa. Behovet for arbeidskraft i sørvisnæringar har ført til auka innvandring av svenskar dei siste tiåra, som kjem i tillegg til den svenske arbeidskrafta som melde seg til utbygging av samferdsel og industri på slutten av 1800-talet og utetter. Svenske etternamn er i dag meir synlege i samfunnet enn nokon gong før. 


Framover mot 1500 dukkar dei første etternamna opp i adelsslekter gjennom dansk etter tysk mønster. Slekta Galtung (Galte) er kjend alt frå 1300-talet med tilnamnet Galt 'galt', 'villsvin' etter adelsmerket. Aslak Bolt vart både erkebiskop (1428) og riksråd (1449). Namnet Bolt hadde han etter ein bolt 'jernpigg', 'bolt' i våpenskjoldet. Den siste katolske erkebiskopen Olav Engelbrektsson, fødd ca. 1480, bar derimot eit fornamn og farsnamn slik skikken var. Thorbjørn Olufsen Skaktavl (død 1577) var den siste katolske presten på Toten, med namn etter ein sjakkbrettmønstra skråbjelke i våpenskjoldet, tidlegare kalla 'skakktavla'. Godseigar Jens Bjelke (død 1659), som kom til Noreg frå Skåne i Danmark, bar namnet etter våpenskjoldet med ein bjelke i.

 

I hundreåra framover stig alle kjende personar i norsk samfunnsliv fram med faste etternamn. Johan Nordahl Brun (1745–1816) var biskop og diktar, med etternamn etter tilnamnet 'brun'. Forfattaren Johan Herman Wessel (1742–85) var presteson med etternamn etter ei kjæleform av mannsnamnet Werner. Far til Petter Dass (1647–1707) var innflyttar frå Skottland med namnet Dundas (Don Dass) etter eit gælisk stadnamn.

 

Etternamn som Friis og Beyer med tydinga 'person frå ...' ligg nær den namnetypen som etter kvart kom til å dominere her i landet. Danske prestar hadde lenge hatt som skikk å ta etternamn etter soknet. Til dømes tok far til Vidkun Quisling namnet etter Kvislemark sokn på Jylland. Prestenamn av same typen med norsk opphav er Leganger etter Leikanger sokn i Sogn, kjent frå ca. 1650, og Undahl (Undal) etter Undal sokn, i dag Audnedal i Vest-Agder.

 

Patronym

Ca. 1800 bar berre eit par prosent av nordmenn eit fast etternamn, dei aller fleste høyrde til borgarskapet. Folk flest, det vil seie bønder, fiskarar og handverkarar, hadde framleis berre eit fornamn og eit patronym eller farsnamn som naturleg nok skifte med kvar generasjon

Gardsnamn. Største gruppa er etternamn med opphav i norske gardsnamn eller bustadnamn. Den gruppa er størst både i talet på namn og talet på berarar, mellom 60 og 70 prosent av alle nordmenn ber i dag eit gardsnamn som etternamn. Dominansen av gardsnamn gir nordmenn ei kjensle av at denne typen etternamn er den normale og ønskjelege. Derfor vil dei fleste som skifter etternamn, velje anten eit gardsnamn lenger tilbake i slekta eller frå ektefellen ved giftarmål.

 

Sidan patronyma er mindre identitetsskiljande eller meir anonyme enn gardsnamna, er dei på retur. Vi har i mange år sett ein klar tendens til at folk med sen-namn ønskjer å skifte til eit gardsnamn. I 1975 heitte 74 808 personar Hansen. Det inneber ein tilbakegang på 22 239 personar fram til 2017. Etternamna Helland og Tveit gjekk i perioden 1993–2017 fram med til saman 621 berarar, ei popularitetsutvikling vi kan sjå i dei fleste etternamna av gardsnamntypen.

 

 

Ein av dei vanlegaste etternamntypane i Europa er yrkesnamn, og smeden fekk namn på mange språk: tysk Schmidt, engelsk Smith, fransk Lefèvre, portugisisk Ferreira, italiensk Ferrari osv. Yrkesnamn vart ikkje til etternamn i Noreg, ingen smedar, snikkarar eller fiskarar kalla seg Smed, Snekker eller Fisker.

 

Nyare innvandrarnamn. På namnestatistikken dukkar ei fjerde gruppe av nyare innvandrarnamn opp, med det vietnamesiske Nguyen på topp på 51. plass i 2015. Det mest frekvente muslimske etternamnet er Ali på 106. plass, etterfølgt av Ahmed på 125. plass, men dersom vi hadde slått i hop alle variantane av Muhammed, ville det namnet ha nådd svært langt opp på frekvenslista.

 

Resultat av liberaliseringa

Overgangen frå patronym til særleg gardsnamn som etternamn ser ut til å halde fram også etter den siste lova om personnamn. Sidan det i dag er få avgrensingar i valet av etternamn, vil nokon søkje bakover i slekta etter namn med ein eldre skrivemåte (Wang for Vangen) eller etternamn som kan ha falle ut gjennom slektledda. Bruken av bindestreksnamn aukar på etter giftarmål og særleg som etternamn til born, typen Vangen-Tveit, og endå vanlegare enn før har det vorte med mellomnamn og etternamn av typen (Solveig) Vangen Tveit. Mange er ikkje klar over at mellomnamnet Vangen, som er eit etternamn av gardsnamntype, formelt fungerer som eit fornamn som ikkje vert ført vidare i neste generasjon. Dersom begge namna skal førast vidare, må dei skrivast med bindestrek Vangen-Tveit.

 

I massemedia har ein vore oppteken av nokre søknader om etternamn som klart er i strid med norsk namneskikk. Nokre dreiar seg om morosame eller ville påfunn (Hværsaagod, Bånnski, Kolaautomat), idol- eller medienamn eller meir eller mindre seriøse søknader som Eplet (ein fruktdyrkar) og Tog (ein togentusiast). Mange frå det namnefaglege miljøet meiner at liberaliseringa slik sett har gått litt for langt.


 
Barnas stasjon, Blå Kors v/Eli Bøhmer og Per Myrvang

9. februar 2026

Barnas stasjon, Blå Kors v/Eli Bøhmer og Per Myrvang

En varm velkomst til Eli Bøhmer og Per Myrvang fra Blå kors og Barnas stasjon.

Gamle bilder fra Buttekvern/Brumunddal

2. februar 2026

Gamle bilder fra Buttekvern/Brumunddal

Thor viste mange gamle og interessante bilder fra Buttekvern og andre områder i Brumunddal.

Matsentralen på Rudshøgda v/dalig leder Carin Ramsberg

12. januar 2026

Matsentralen på Rudshøgda v/dalig leder Carin Ramsberg

Ramsberg ga oss en grundig gjennomgang av det viktige arbeidet som Matsentralen utfører.

Utgravingen av Hamarkaupangen v/Kjetil Skare

5. januar 2026

Utgravingen av Hamarkaupangen v/Kjetil Skare

Utgravingen er et samarbeid mellom Anno Domkirkodden og Norsk institutt for kulturminneforskning.

Paul Harris til Sissel Olsen

15. desember 2025

Paul Harris til Sissel Olsen

Vår alles Sissel Olsen på «Bakeriet» har blitt påskjønnet med Paul Harris Fellow for sin samfunnsganglige innsats.

Ringsaker kommune 2026 - v/kommunedirektør Jørn Strand

8. desember 2025

Ringsaker kommune 2026 - v/kommunedirektør Jørn Strand

President Steinar Bergsodden ønsket velkommen til møtet og en spesiell velkomst til kommunedirektør Jørn Strand.

Førjulshygge på Prøysenhuset med underholdning

1. desember 2025

Førjulshygge på Prøysenhuset med underholdning

Årets Rotary-samling før jul på Prøysenhuset startet med en kjempefin konsert med Hogne Moe og brødrene Olav og Sveinung Lystrup.

Tildeling av Paul Harris til Trude Engen Strand

24. november 2025

Tildeling av Paul Harris til Trude Engen Strand

Etter tildelingen fikk vi et innlegg fra Trude med spesiell fokus på alt hun har bidratt med av frivillig arbeid.

Den Østerisk-Ungarske-Polarekspedisjon 1872-1874

17. november 2025

Den Østerisk-Ungarske-Polarekspedisjon 1872-1874

Vårt eget medlem, Walter Wagner, holdt et spennende foredrag om denne polarekspedisjonen.

Befaring til Rørlegger Asbjørn Nordsveen AS

10. november 2025

Befaring til Rørlegger Asbjørn Nordsveen AS

Klubbens medlemmer fikk en grundig og interessant gjennomgang av det nye anlegget til Rørlegger Asbjørn Nordsveen AS v/Lars Arne Kvarberg.